Vi har fått til eit flott samarbeid med bedrifta Aufera på Manger i Radøy kommune. Her vil arrangementet Oppskrifter på kvardagen gå føre seg. Deltakarane vil kome med matrettar frå fleire matkulturar og vi kan då få fram kva mangfald av mattradisjonar som er å finne i nordhordaland i desse dagar.
Første dagen skal alle lage mat saman og få mogleik til å syne kva dei plar å lage for dei andre deltakarane. På workshopen i digitale forteljinar vert tema å syna deira tilhøve til matoppskriftene. Kva minner festar seg til oppskrifta ein tek med? Kvar kjem den frå? Er den arva av noken i familien? Har dei kryddra den litt til på sin eigen måte? Her skal kvinnene stå for matkompetansen og vi skal hjelpe til med å dokumentere hendinga og forteljingane.
Vi gler oss!
