Filmpremiere på digitaltfortalt.no!

Etter førpremiera på dei digitale filmane for nokre veker sidan, har det vorte gjort litt “postproduksjon” etter rettleiing frå deltakarane. Så no er tida komen til å offentleggjere alle dei fem filmane på digitaltfortalt.no. Her er nokre smakebitar. Selam fortel om maten frå Eritrea:

Selam fortel om både skikk kring bordet og kvardagskost frå Eritrea. Vi får og intrudusert kva matrettane heiter på hennar morsmål.

Kari frå Manger valde å lage ei kvagryte. I følje borna hennar er denne retten typisk ho å lage.

Kvardagsmat og sultne journalister

Faksimile: Nordhordland lørdag 02.07.2011

Avisa Norhordland besøkte oss under workshopen vi hadde med «Oppskrifter på kvardagen» i Manger, og journalisten fikk være med på både matlaging og smaksprøver. I artikkelen kan du blant annet lese om hvilke retter som ble laget de to dagene, og ikke minst få inspirasjon fra oppskriftene! De digitale fortellingene som ble laget vil også bli publisert de nærmeste dagene.

Matmøtet – dag 2

På matmøtets andre dag ryddet vi vekk grytene til fordel for datamaskiner, og denne dagen var det de digitale fortellingene som var hovedfokus.

Sammen jobbet vi med spørsmål knyttet til mat – på mange plan. Hvorfor hadde deltakerne valgt akkurat den oppskriften de hadde? Hvilke minner vekker denne oppskriften, og hvilke minner finner vi i mat og måltid? Det kom mange interessante perspektiver på dette. For noen gav oppskriftene minner til barndommens gryter, for andre ble nettopp maten et symbol på forandringene som har skjedd i samfunnet. I vanlig middagsmat som stekt fisk er nå potetene byttet ut med annet tilbehør, som passer dagens fokus på helse og karbohydrater bedre. Mye matlig inspirasjon blir nå hentet fra middelhavslandene, og man drar gjerne på matreiser til andre land. Impulser skjer ikke bare med utreise: innflyttere til Manger tar også med seg sine matskikker. Her blir også maten en viktig del av identiteten som man kan ta med seg, selv om det ikke alltid er like greit å få tak i de rette råvarene

Noen retter kan man heldigvis lage med utvalget på den lokale coopen, og på workshopens siste dag var vi så heldige å få hjemmelaget injera til lunsjen! Gårsdagens rester ble varmet opp, og ble et kjærkomment pauseinnslag for fortellerne. Ikke minst trigget måltidet flere minner som kunne knyttes inn i fortellingene

I arbeidet med fortellingene brukte vi mye av den visuelle dokumentasjonen fra dagen før, i tillegg til litt tilleggsstoff fra egne fotoalbum, minnepinner og kokebøker. Med litt dårlig nettilgang i helgen var det vanskelig å finne ekstra bilder der det var behov, og fortellingene kommer på nett så snart vi har fylt noen tomme partier med blant annet ihjelkokt torsk. Gled dere!

Matmøtet -dag 1

I dag har eg og Åshild pakka Muho sitt DF-utstyr og reist til Manger i Radøy kommune. Endeleg har vi fått byrja gjennomføringa av delprosjektet Oppskrifter på kvardagen. Vi gjekk forbi Manger senter og ned mot kaien på leit etter vekst-bedrifta Aufera. Oppskrifter på kvardagen vil gå over to dagar og bli realisert i samarbeid med Aufera. Vi møtte leiaren Kari Smith i døra og følte oss snart veldig velkomne. Ikkje så lenge etter kom dei andre deltakarane som i alt talde fem.

Etter litt “oppvarming” med museumsprat om immateriell kulturarv, tok vi ein runde på kva deltakarane ynskja å servere for dagen. Det var ulike idear om korleis ein tenkte kring  det å lage kvardagsmat. Ei av deltakarane hadde tenkt på kva minner ho hadde om mat frå garden der ho vaks opp, og ville laga noko som passa den tradisjonen. Medan ei anna hadde tenkt på som var vanleg å få servert då ho laga mat heime i Polen. Alle hadde med ei oppskrift og ville syne for dei andre kva dei skulle lage. Råvarene var klare og snart var alle i sving med sine spesialiteter.

Utpå ettermiddagen fekk vi besøk frå avisa Norhordaland, og fekk mogleiken til å dele med fleire kva som går føre seg på Manger denne helga. Vi skulle gjerne fått den gode lukta frå kjøkkenet med på tape! Maten vart sete fram og dandert på fem tallerkener og kokkane fekk teke fine bilete av kvar rett.

Åshild og eg dokumenterte heile matprosessen med film og bilete. Til slutt fekk alle som var tilstades smaka på kvar av dei fem rettane, så vi kjende oss ganske heldige og godt mette når dagen var slutt.Vi gler oss allereie til morgondagen då mat og minner skal bli dokumentert og teke vare på med eigenproduserte digitale forteljingar.

Mat med meining

Oppskrifter på kvardagen logoÅ ete saman med andre kan spegle noko av dei sosiale normene vi held oss til. Kva skikkar har ein i middag med næraste familie, eller kva med kollegaer? Samstundes, kva kjensler og forteljingar knyttar vi til ulike matrettar?

Det kan ligge både identitet og livsverdiar bak val av matrett. ”Ingenting slår mormor sine kjøttkaker – det vert ikkje det same om eg kjøper eller lager kjøttkaker sjølv” Nokre rettar kan vi ha eit medvit til som går utover den næringa som vi får av mat. Mat er naudsynt, men òg dei relasjonane og den kommunikasjonen som kjem med maten. Vi kan stadfeste felleskap og dele minner i val av mat. Nokon har kanskje fått ei oppskrift av foreldra sine og passar på å nytte den om foreldra er tilstades for å syne si takksemd. Eller kva med ei hemmeleg kakeoppskrift som berre du har fått av tante? Mat kan vere spesiel for oss på fleire måtar.

Samstundes kan andre sosiale normer verte spegla når ein skal ete med andre. Det var ikkje vanleg i ein vestlandsfamilie på 1900 -talet at borna tok del i samtalen kring bordet. Dei skulle på denne måten lære seg å vere lydige og stille, med å berre høyre på kva som vart sagt og lære av dei vaksne. Under middagen kjem då rang mellom vaksne og born fram, noko vi finn  fleire stadar. Til dømes i nokre familiar i Vietnam så er det vanleg at dei eldste byrjar å ete før andre i familien kan byrje. Medan I Bolivia er det vanleg å takke alle kring bordet for maten før ein går, ikkje berre den som har laga maten. Kanskje det er viktig å takke for selskapet like mykje som maten? Hos nokre familiar er kanskje middagen den einaste tida på dagen der ein får tid til å snakka med borna sine, eller kanskje ein ikkje et dette måltidet saman i det heile?  Det er med andre ord sosiale normer som endrar seg og middagen som sosial arena kan syne dette.

Vi vonar å få fleire dømer på dette på workshopen 17 og 18 juni på Manger.