Filmpermiere med bonusfilm frå 4H

Onsdag morgon vart det klart at tre unge 4H-arar ynskja å vere med på ein hasteworkshop i digitale fortelingar same dag. Eg reiste ut til Meland og der stod Carl Fredirk, Amalie og Guro klare til innsats. Etter mykje snakking og nokre pepperkaker var dei klare til innspeling av forteljinga, og på fire timer klarte dei å produsere ein flott film til premiera dagen etter.

Etter ein bonusworkshop med 4H var eg og Nina spente på framvisninga av i alt 4 filmar. Klokka fem kom både ordførar Nils Marton Aadland (H) og varaordførar Lars Barstad (V) inn døra til møterommet der premiera skulle gå føre seg. Etterkvart kom nokre av foreldra og ungdommane og dei to lokalavisene for å sjå.

Premiere!

Då framsyninga var over fekk vi ein positiv tale frå ordføraren om resultatet og fleire hyggelege tilbakemeldningar frå publikum. Filmane har gjort at Museumssenteret i Hordaland har fått syne ein måte å gjere immateriell kultur tilgjengeleg for ungdommar, og samstundes fått medverke til å fremje kva Meland kan by på av aktivitetar. (Filmane vil verte posta på Meland kommune si nettside.) Vil du lese meir om bakgrunnen for prosjektet trykk på “Dette fenger meg!” i menyen øverst på sida.

Wokshop for aktive unge i Meland

Etter første møtet på Meland frivillighetssentral har ungdommane byrja å planlegge tre filmar om kva dei likar å gjere på fritida si. I grupper på to og to har dei byrja skrive kreativt rundt kva som gjer at akkurat dette “fenger” dei. Det vert film om Rossland Skulekorps, Nordhordland Padleklubb og Meieriklubben. Etter eit par spørsmål frå meg til kvar enkelt om deira interesse, var samtalen kring bordet i gang og eg vart sittande å høyre på. På denne måten fekk alle dele noko om sine tankar og kjekke opplevingar med dei andre og såleis hjalp dei kvarandre godt i gang med innhaldet i forteljinga. Det er spanande å sjå korleis fortelingane vert til og ikkje minst å sjå resultata. Det er fleire morsome episodar og minner som skal sorterast og verte til forteljing og det er der det meste arbeidet ligg.

Torsdag 8 desember vert det filmpremiere på rådhuset i Meland med stofint besøk -både ordføraren og varaordføraren står på gjestelista. Gleder meg!

Ungdom i Meland

f.v: Elena, Håkon, Nickolas, Roald, Kennet og Tina