Kva er ein person som lager digitale forteljingar? Ein digital forteljar! Alle har ein historie å fortelje, og vi er difor alle potensielle forteljarar.
Generelt er digitale forteljingar ein sjanger innan området samansette tekstar eller multimodale tekstar. Forteljingane vert illustrert med bilete og eventuelt passande musikk. I sum medverkar dette til eit ynskjeleg uttrykk og tek ca to til tre minutt å presentere.
Når ein held workshop i digitale forteljingar lærar ein deltakarane å produsere ei forteljing med utgangspunkt i eit overliggande tema. (Våre tema kan de sjå i menyen over og klikke på for nærmare info) For oss er det ynskjeleg at forteljinga er i sentrum. Deltakarane arbeider med kva forteljinga skal handle om først, for så å redigere filmsnutten sjølv med ulike digitale verkemidlar. Rolla til dei som held workshopen skal vere mest mogleg rettleiande. Forteljarmetoden kan då sjåast som eit demokratisk prosjekt -deltakarane har makt over si eiga forteljing. Dei vel form og tolking av tema på eigne premiss. Dei er produsentane.